A. Audhild Solberg er aktuell med ny barnebok i slutten av måneden: Skyggene i skolegården byr på grøss og spenning, og forfatteren har skrevet bøker som skremmer og vekker leselyst før. Vi tok derfor en prat med henne om den nye boka, skrekk og gru, og skriving.

Av Jonas A. Larsen.
Velkommen til Skrekklitteratur! For nye lesere og de som kanskje ikke kjenner til deg, så kan vi jo starte med selvangivelsen: Hvem er du?
Eg heiter Audhild Solberg, er 50 år og bur i Oslo. Og før du lurer: A.-en før Audhild står for Anne, eit namn eg aldri bruker, men som eg liksom ikkje klarer å droppe heilt heller. Og nei, eg er ikkje oppvaksen i Oslo. Eg kjem frå ei knøttlita bygd i Telemark, som er grunnen til at eg skriv nynorsk. Det vil seie, nesten alle bøkene mine er på bokmål. Det valet tok eg fordi eg også jobbar i forlagsbransjen, og veit at det dessverre er vanskeleg å nå unge lesarar med bøker på nynorsk. Det var ikkje eit lett val, men eg er samtidig takknemleg for at bøkene mine blir lesne.
Du er aktuell med din syvende barnebok, Skyggene i skolegården. Hva er «the elevator» pitch for den?
Den sjette sansen møter Agnes Cecilia. Tenk «I see dead people» på ein gammal skule, ispeddein solid dose chatting, fjortisfeber og forelsking!

kommer på Aschehoug i slutten av august 2025.
Det er en bra pitch! La oss presentere baksideteksten:
Livia trives best alene hjemme foran skjermen. Der chatter hun med Natan i timevis. Bare at Natan ikke vet at det er Livia han chatter med. Men når Natan får hovedrollen i skoleteatret og spør om Livia vil hjelpe ham, begynner mystiske ting å skje. Skolen er absolutt ikke et sted Livia tør å oppholde seg på kveldstid … og er egentlig Natan den hun tror han er?
A. Audhild Solberg har skremt lesere før, og nå er hun tilbake med en mystisk og nervepirrende grøsser fra skolegården.
Skoler og skolegårder gjør mange ulike inntrykk på barn: Det koselige vinduet til klasserommet kan være skummelt om kvelden med lysene avslått, dersom en går forbi da. Kan du huske hva som trigget ideen bak boka?
Det pinlege svaret er: Eg veit rett og slett ikkje. Eg hugsar eg besøkte Ljan skole i Oslo året før skulen fylte 100 år i 2023, og at det inspirerte meg, men da var eg allereie i gang med å skrive på historia. Det einaste eg veit, er at eg ønskte å skrive om ei jente som er mykje aleine og litt «fjern», og som ikkje innser at nokre av folka ho ser i, ikkje kan oppfattast av andre. Og så balla det på seg med chatting, emoguttar og creepy skule.
Hvorfor tror du leserne setter pris på å bli skremt?
Det er jo knapt noko som er betre når ein les eller høyrer ei historie, enn å bli så oppslukt at ein hoppar i stolen viss nokon snakkar til ein, eller gløymer å gå av bussen. Det siste har skjedd meg fleire gonger, til og med når eg skriv historiene sjølv!
Slike altoppslukande historier har gjerne eit skummelt eller mystisk element. Alt frå gåtefulle brev på loftet til blodige motorsager funkar – her kjem smak og behag inn. Å bli skremt eller gira i trygge omgjevnader er rett og slett tilfredsstillande for mange. Ein gløymer seg sjølv og får eit kick.
Hvordan jobber du med bøkene dine? Planlegger du plott eller skriver etter magefølelsen?
Eg er ein planleggar. Eg får ikkje flust av idear, så når eg først får ein idé eg tenker kan bli noko, noterer eg den ned og jobbar vidare med den. Mest i hovudet. Eg tenker og kvernar og les bøker og ser på tv-seriar og filmar og lar meg inspirere. Eg vil helst ha slutten på historia nokolunde klar før eg set meg ned for å skrive, elles er eg redd eg aldri vil klare å fullføreboka. Slutten på Skyggene i skolegården endra eg imidlertid heilt, men eg kan ikkje røpe kvifor eller korleis. Da spoilar eg slutten slik den blei …
Når eg først begynner å skrive ut ei historie, skriv eg intuitivt. Nærmast etter innfallsmetoden. Greia er berre at det ikkje følest slik når eg har ein overordna plan; da kjennest skrivinga organisk. Det høyrest romantiserande ut, og er det kanskje også, men denne delen av skriveprosessen er heilt fantastisk og hovudgrunnen til at eg held fram med å skrive. For resten av forfattarlivet er ikkje alltid like lystbetont; det går mykje i fruktlaus tasting og stille dagar på heimekontoret.
Du har skrevet to bøker som sneier innom skrekk: Den svartkledde jenta og Harpa. Hva betyr skrekklitteratur for deg?
Eg såg ein del skrekkfilm som barn og ungdom som gav meg både glede og mørkredsel. Begge delar har eg tatt med meg. Eg kan fortsatt gire meg opp med ein skrekkfilm – før eg så får noia når eg må gå heim i mørket. Og eg liker veldig godt å skrive skummelt sjølv. Men eg les faktisk lite skrekk. I bokform føretrekker eg mystikk og psykologisk spenning framfor grøss.

Skjønner! Harpa gjorde inntrykk på meg. Den var genuint skummel og rommet mye gjenkjennelig. De tretten år gamle hovedpersonene fremstår troverdige og jeg likte å følge dem, noe som er vesentlig i en skrekkbok. Alderen deres og forelskelse er viktige elementer i boka, og jeg syns det er interessant å tenke på hvordan ideen manifesterte seg. Kom den med plottet eller hovedpersonene. Eller skrekkelementet?
Det var eit fint kompliment – tusen takk! I Skyggene i skolegården var det hovudpersonen Livia si evne til å sjå døde som førte til mykje av plottet, og handlinga i serien Superbitchenevar styrt av hovudpersonen Anne Bea og vennen hennar Nils. Dei to såg eg så tydeleg for meg at handlinga i dei fire bøkene følgde organisk av personlegdommen deira. Kombinert med eigen fantasi, så klart – det er ikkje heilt slik at «karakterane lever sitt eige liv», trass alt.
Harpa er basert på eit mareritt der eg såg eit pussig, og skremmande, vesen i ein skog. Så der kom plottet, eller skrekkelementet, før hovudpersonane. Men eg såg ganske raskt for meg at det måtte ein vennegjeng til i denne historia, ikkje berre ein eg-forteljar, som tidlegare. Vennegjengen kunne spegle ulike reaksjonar på vesenet, men også på kvarandre – inkludert varme følelsar. Eg henta mykje inspirasjon frå meg sjølv som trettenåring, barndomsvenner og bygningar og stader i heimbygda mi i skrivinga, noko som kanskje bidrar til truverdet i boka?
Boka spiller på folketru og fabler, noe vi her til lands har mye av i kulturarven vår. Samtidig føler jeg at det er brukt lite i det store og hele, særlig for voksne. Hva er ditt inntrykk?
Som telemarking med historieinteresserte lærarforeldre er eg blitt flaska opp på Tuss og Troll(folkeeventyr i teikneserieform), eg las alle dei 47 binda av Sagaen om Isfolket (to gonger!), og eg har studert folkloristikk, som er studiet av immateriell kulturarv, som folketru. Slik sett fall miljøskildringane i Harpa, alt frå skogs- og myrlandskapet via segnmotivet til kronesenga og rosemålinga på garden, naturleg for meg. Og eg skriv gjerne fleire bøker frå eit liknande miljø.
Men eg er ikkje den einaste som har brukt folketru i bøker for unge. Fabelprosafolket byr på fleire eksempel: Siri Pettersen, Alexander Løken, Tonje Tornes, nyleg avdøde Tor Åge Bringsværd, berre for å nemne nokre få. På den andre sida: Kanskje svenskane er enda flinkare enn oss? Dei kan i alle fall by på dei beste trollhistoriene (for vaksne) eg har lese: Stallo av Stefan Spjut og novella «Grensen» av John Ajvide Lindqvist (også fantastisk filmatisert).

Veldig enig! For å komme innom Den svartkledde jenta, også: Den har definitivt de samme kvalitetene som Harpa. Dessuten er spøkelser er en personlig favoritt i sjangeren, dersom det gjøres bra. Hva er ditt forhold til dem, og hvorfor tror du de stadig er så populære? Jeg har en teori om at de fremstår veldig nært oss, og siden mange tror på dem så fremstår de mer troverdig enn andre skapninger, og blir dermed hakket skumlere.
Eg er også svak for spøkelseshistorier, så viss ei bok – eller ein film – kan lokke med eit godt gjenferd, er eg med. Eg finst ikkje alternativ, og trur ikkje på gjenferd. Ikkje egentleg, i alle fall. For samtidig går eg rundt og seier at handlinga i ungdomsboka mi Den svartkledde jenta, som handlar om ei ung jente som går igjen, er basert på ei sann historie. Boka er nemleg direkte inspirert av ei skremmande oppleving oldemor mi hadde som ung (og ho ville vel ikkje ha lyge?). Og det er gjenferd eg er mørkredd for når eg ikkje tør å overnatte aleine på hytta. Så eg trur eg nettopp bekrefta teorien din.
Ja, ikke sant? Apropos skremmende skapninger, har du et favorittmonster fra fiksjonen eller mytenes verden?
Viss vi forstår «favoritt» som «mest skremmande»: Killer Bob i tv-serien Twin Peaks, som eg såg da eg var 15. Eg har verken før eller sidan blitt så vettskremt av eit ansikt.

